Hei!
Har ein Can-am 400 MAX 2011 mod som igjen har eit øydelagt tenningslås. Det er vel ca eit halvt år sidan det vart skifta. Det er ei stund sidan ATV'en har starta med nøkkelen i parkeringslysposisjon, men den slutta no også å starta i on-posisjon. Eg opna tenningslåset, reingjorde det og sette det tilbake på plass. Då starta den plutselig med nøkkelen i parkeringslysposisjon, så no får eg iallefall start på den. Tenningslåset såg heilt grusomt ut innvendig, det eine metallsporet er nesten heilt vekke; sjå vedlegg
Kva kan vera grunnen til dette? Produksjonsfeil? Og må eg venta til eg får eit nytt før eg bruker ATV'en på vegen igjen, eller kan eg utføra ein quick fix med å leggja noko metall i sporet som er vekke? Er det nokon som har erfaringar frå dette?